torsdag 22. september 2016

Kvitløk og luftløk til salgs

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn småløk av to ulike sortar kvitløk, Estisk Rød og ein som eg ikkje har namnet på og som opprinneleg kjem frå Romania. Begge sortane er hardneck.
Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.

Eg har også nokre småløk av luftløk. Luftløk er fleirårig og både sjølve løken, småløkane og graset er etande. Graset kan brukast på same måten som ein brukar vårløk.



Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er det vel verd å ta godt vare på den, sjølv om det betyr at ein ikkje kan ete av den det første året. Kvar løk har ca 6 fedd, så året etter kunne eg hauste heile 36 kvitløk.

Kvitløk frå Romania


























Kvitløken frå Romania dannar små løk av ulik størrelse. Til neste år vil den enten bli til ein større løk utan fedd, eller er du heldig kan du få ein liten kvitløk som du kan dele opp i fedd. Tek du vare på første avling kan du hauste inn til eige bruk året etter. Settes om hausten.

Pris kr 25,- for 10 småløk (av ulik størrelse). Porto kjem i tillegg* TOMT



Estisk Rød


Estisk Rød har løk meir på størrelse som frø. Eg er usikker på kor store desse vil vekse seg i løpet av ein sesong, men vil tru at første året danner dei bladverk og så kan ein hauste året etter.
Bildet over viser klaser av fleire småløk/frø. Når dei kjem i posten er dei delt frå kvarandre. Settes om hausten.

Pris kr 20,- for 20 småløk/frø (av ulik størrelse) Porto kjem i tillegg*


Luftløk


Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.



Sånn ser sjølve løken ut etter at dei har stått i fleire år. Dei er på størrelse med sjarlottløk. Før om åra har eg berre hausta av bladverket, men no måtte dei delast. Nokre av dei skal tilbake i pallekarmen igjen, men dei fleste havner i gryta.



Luftløkane er litt større enn småløkane av den rumenske kvitløken og er også av ulik størrelse. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaken.

Pris kr 15,- for 5 småløk. Porto kjem i tillegg*

Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Har du problem med å sende PM kan det vere at du ikkje er liker av sida mi. Legg deg då til som følger eller legg igjen ein kommentar.

*Porto kjem an på kor stor pakken blir. Eks: Bestiller du ein pose av kvar (eller litt meir) kjem den på kr 20,-  mindre  kr 15,-

Vil du i same slengen kjøpe frø av diverse staudar kan du sjå her eller om du kjøpe frø av chili kan du gå inn her :-)


Du finn meg også på Instagram



tirsdag 13. september 2016

Blomsterfrø til salgs

Eg har hausta ein del frø frå eigen hage som eg legg ut for salg. Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet. Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla.....

Pris kr 15,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.






  





















Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' valmuesøster. Etter mi meining den vakraste av alle søstrene.



Trollius ircuticus - ballblom. Litt uvanleg ballblom, ikkje så gul som den vanlege og blomstrar litt seinare.








Digitalis purpurea kvit og fargemiks. I fargeblandinga trur eg du vil du få flest lilla, nokre rosa, lys gul og kanskje der har lurt seg opp i ein og annan kvit :-) Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis då den dukkar opp på alle mulege og umuleg plassar. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. 
Ved bestilling, oppgi om du vil ha mix eller kvit.




Astrantia major - stjerneskjerm. Vakker staude som blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg.




Delphinium blå mix - ulike nyanser av blå riddersporer. Blir nødvendigvis ikkje lik den på bildet.



Aquilegia mix - akeleier i alle mulige fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. For å sjå kor mange flotte akeleier eg har frø av, må du klikke deg inn på innlegga Her og her og her, så finn du mange forskjellige  Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så!




Thalictrum aquilegifolium - akeleiefrøstjerne. Flott staude som svever over dei fleste andre plantane i bedet. 150 cm høg. Eg har den i to fargar, kvit eller lilla. 
Ved bestilling, oppgi kva farge du vil ha.



Viscaria vulgaris 'Feuer Splendens' - tjæreblom. Nydeleg rosa farge som lyser godt opp i bedet. Blomstrar i juni - juli ca 40 cm høg.




Papaver orientale 'Royal Wedding' - valmue TOMT




Papaver orientale 'Coral Reef' - valmue. TOMT



Papaver orientale 'Nana Allegro' - valmue. Flott raud farge.
Har ei mistanke om at valmuer ikkje er frøekte så fargane treng ikkje bli heilt lik morplanta.


























Podophyllum hexandrum - himalayafotblad. Artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Her er den i knopp. Seinare vil den opne seg, og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Trives i skygge. Her får du meir informasjon og såtips. Frøa eg sende er ferske, så når du får dei må du så dei med ein gong, eller ta dei ut av posen og tørke dei. Må stratifiseres (kuldebehandling)
Blomstrar i mai - juni. 



Stachys grandiflora - svinerot. God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg.


Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering. Her finn du såtips.


























Lillium martagon - martagonlilje - krøllilje. Flott lilje som hos meg blomstrar trufast kvart år. Usikker på korleis ein bør så denne, men trur den må ha kuldebehandling. For dei tolmodige, då det nok går nokre år før den blomstrar.

Her kan du kjøpe frø av ulike chili om du er glad i sterk mat :-)

Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Har du problem med å send PM kan grunnen vere at du ikkje er liker av sida mi. Legg deg då til som følger eller legg igjen ein kommentar.


søndag 11. september 2016

Chilifrø til salgs.

Er du glad i chili er det ingenting i vegen for at du kan dyrke den sjølv. Chili har lang utviklingstid så den må såast allereie i januar. Når ein sår så tidleg må du ha ekstra lys for å få sterke og sunne plantar.
Chili er også varmekjære plantar så dei vil nok trivst best i vindusposten eller i eit drivhus. Bor du sør i landet kan kanskje ein varm solvegg også fungere. Eg bor på Sunnmøre, så mine chili har eg i drivhuset.

Alle frø er hausta frå eigne plantar og alle eg har sådd av eigne frø har vist seg å vere frøekte, men eg garanterer ingenting. Data oppgitt på dei ulike sortane når det gjeld avling er eiga erfaring. Styrke har eg funne hos leverandør der det er oppgitt.

Poser på 10 frø kr 15,- porto på kr 15 kjem i tillegg pr forsendelse.



Eg var veldig heldig med chilien i år. Den var også gjødsla etter alle kunsten regler då eg kjøpte ein oppstartspakke hos Arctic Chili.



Capsicum annuum 'Orange Wonder', middels store frukter og stor avling. Styrke oppgitt til 300 000 SHU (Trur det må vere feil då den ikkje kjentes så sterk ut)



Capsicum annuum 'Filius Blue', små frukt med stor avling. Flott plante med mørke blad. Styrke oppgitt til 20 000 - 30 000 SHU



Capsicum chinense 'Chocolate Habanero' store frukt, middels avling. Eg fekk 47 stk på ei plante i 10 liters potte. Styrke oppgitt til 425 000 SHU



Capsicum chinense 'Habalokia Yellow' store frukt, med stor avling, eg fekk 100 på ei plante i 10 liters potte. Styrke ukjent, men sterk!! Tipper ca 400 000 - 500 000 SHU





Capsicum chinense 'Red Habanero' stor frukt, stor avling. Ei plante i 10 liters potte gav 83 chili. Styrke ikkje oppgitt, men over middels sterk.



Capsicum chinense 'White Habanero' små frukt, middels avling. Styrke oppgitt til 300 000 SHU


Capsicum annuum 'Red Long Slim Cayenne' den første som gir modne chili, store frukt og stor avling. Styrke oppgitt til 30 000 - 50 000 SHU



Capsicum chinense 'Chocolate Bhutlah', store frukt, middels avling. Styrke ikkje oppgitt, men sterk.


Er du interessert så send PM på på sida mi Kristins Hage&Drivhus. Eg har også andre frø til sals, bla riddersporer, akeleier, valmuesøster, revebjeller, stjerneskjerm, fotblad, Primula polyanthus og blodbeger. Alle frø blir merka med botaniske namn i tillegg til norske. Du finn dei i innlegget om Podophyllum hexandrum på facebooksida mi.


Alltid kjkt med nye følgere, så om du vil finn du meg på Kristins Hage&Drivhus og på Instagram

søndag 26. juni 2016

Stiklinger av roser - lettare enn ein trur

Då har eg prøvd meg på noko eg ikkje kan, nemleg å ta stiklingar av roser. Eg var litt sein med å beskjere to av rosen som eg har, og då dei hadde komt godt i gang med spiringa syntes eg det var for gale å kaste alle dei fine stiklingane.



Heldigvis så googla eg ikkje korleis det skulle gjerast før etterpå for då hadde eg nok mista motet, det såg veldig avansert ut :-) Eg berre klipte og stakk dei langs pottekanten og plasserte dei i drivhuset. Med ein spireprosent på 80 så vart resultatet slett ikkje så verst.


Rosene eg prøvde meg på var 'New Dawn' og 'Lykkefund'. Lykkefund skulle vere den som var lettast å få til (las eg etterpå) men det viste eg at alle stiklingane av 'New Dawn' klarte seg i motsetnad til 'Lykkefund'




Eg hadde små forventningar til korleis dett ville gå, men etter 5 veker hadde dei fått flotte røter som stakk ut av hola under potta. No har eg potta dei om og eg burde nok også klippe dei så dei får ein buskete vekst. Litt usikker på når eg skal gjere det, men tenker det kanskje er lurt å vente ei stund.



No står dei i drivhuset og godgjer seg og det er berre å håpe på at dei vekse seg store og flotte etterkvart. Roser av av stiklingar er i motstnad til dei aller fleste rosene ein kjøpar rotekte, det vil sei at dei ikkje er poda på ei rot frå ei anna rose. 
Korleis dei vil klare seg ute gjennom ei vinter, og om dei kjem med rotskot er eg usikker på, men det kan ein sikkert lese seg til.



Vil du sjå daglege oppdateringer frå hagen min finn du meg på facebook Kristins Hage&Drivhus og på Instagram





fredag 20. mai 2016

Boakjølsnigler - mine erfaringar

Dette er ikkje eit innlegg til forsvar for boakjølsniglar (Limax maximus) heller ikkje ein vitenskapeleg studie, men eit innlegg om korleis eg har levd med ein relativ stor bestand boakjølsniglar i min hage.

Diskusjonane går høglytt på diverse hagefora rundt om på nettet der nokon hardnakka påstår at denne sniglen er "snill" og at den et brunskogsniglar (Arion vulgaris) andre meinar den er minst like glupsk som brunskogsnigel og gjer kort prosess.

Noko som er sikkert er at begge er framande arter i Norge som har blitt innført via hageplantar frå utlandet. Det i seg sjølv kvalifiserer nok til bekjempelse.

Her vil eg dele mine erfaringar om boakjølsnigelen som også går under namna leopardsnigel og tigersnigel.



I mange år har hagepusen Frøya, småfuglane, boakjølsniglane, Hosta, riddersporer, Dahlia og eg levd fredeleg side om side i hagen vår. Hagepusen Frøya er ingen jeger og let småfuglane vere i fred. Boakjølsniglane lar plantane vere i fred, og eg lar boakjølsniglane styre på med sitt utan innblanding.

Høyres reint ut som Edens hage før Eva fann eplet :-)

Etter kvart har eg fått ein ganske stor forekomst og eg finn dei overalt i hagen. Dei dukkar opp i blomsterkasser på verandaen, ute i beda og på plantebretta inne i drivhuset har fleire av dei bodd i vekevis medan eg har vore på sommarferie. Dette utan å gjere skade på plantane, og for meg ser det ut som dei har levd av daudt plantemateriale.

Denne rakkaren fann eg her ein av dagane inne i drivhuset på ein Dahlia som eg sådde tidlegare i år. Eg tok potta og sette den ut med boakjølsnigelen på for å sjå om han ville forsyne seg av delikatessen.


Når eg sjekka etter ei stund var den søkk borte, og planta var like heil. Det same var alle dei andre som sto inne i drivhuset. Den har nok bodd det i eit par dagar og blitt med inn etter at eg hadde dei ute til herding to dagar før. Kva den har levd av aner eg ikkje.

Her er brettet med Dahlia inne i drivhuset. Bak fremste bladet ser ein boakjølsnigelen.



Det er hagar i nabolaget som har brunsniglar. For eit par år sidan fann eg også nokre få eksemplar i hagen min som eg gjorde kort prosess med. Dei siste åra har eg ikkje funne ein einaste ein. Om det er fordi eg har såpass mange boa vil eg ikkje påstå, dette er berre kva eg registrerar.

Når dette er sagt, og som dei fleste veit så var ikkje Eva og Adam så lenge i Paradis for i fjor tok eg dei på fersk gjerning for fyrste gong i ei av verandakassene der dei forsynt seg med nyplanta Dahlia. Det var berre nokre små stubbar som sto igjen.
Også nyplanta aspargesbønner i kjøkkenhagen fekk gjennomgå, men om det var boakjølsniglar eller åkersniglar veit eg ikkje. Dei små grå åkersniglane er glupske dei også.
Eg har også tidlegare år observert at boakjølsniglar har ete opp kronblad til margeritter som sto i same blomsterkasse.

Etter fleire år i fredeleg sameksistens har eg no konkludert med at forekomsten av boakjølsniglar har blitt for stor alt med at eg har latt dei leve i fred, og at eg no må reduser forekomsten. Planen er å strø ut Ferramol på dei mest utsatte plassane og ta ein og annan runde med saksa.

Eg trur at boakjølsnigler kan halde brunsniglane på avstand, og at dei gjer mindre skade på levande plantemateriale så lenge forkomsten er på eit fornuftig nivå. Vil presisere, dette er IKKJE baste på vitenskapeleg fakta, berre på mine erfaringer!

"Tru kan ein gjere i kirka, for alt det andre gi meg fakta"


Etter ekle sniglebilder føler eg trong for å vise ein kunstnar i det å ta livet med ro og berre nyte. Ingen er betre på det enn min trufaste medgartnar Hagepusen Frøya.

Du finn meir om hagen min på Kristins Hage&Drivhus og på Instagram
Eg blir alltid glad for nye følgere, så legg deg gjerne til :-)




lørdag 14. mai 2016

Dyrking av asparges - korleis eg gjer det.

Ingenting kan overgå smaken av årets første heimedyrka asparges. Berre ein er tolmodig nok er det slett ikkje vanskeleg å få til. Ikkje treng ein stor plass, og den klarer seg stort sett på eiga hand berre dei får godt med gjødsel. Eg brukar naturgjødsel i form av pellets og gjødslar på same måte som eg gjer med dei fleste grønsaker. Eg er ingen ekspert på aspargesdyrking, men har prøvd og feila og her vil eg dele mine erfaringer.

For all del, ikkje sjå på dette som ein fasit, det er nok mange som kan dette mykje betre enn meg.


Tolmodig må ein vere for å dyrke fram asparges frå frø. Om ein googlar finn ein ulike tips om når ein kan starte å hauste. Eg hausta forsiktig 3. og 4. året og frå 5. året har eg hausta for fullt fram til jonsok.



Eg sådde asparges i februar 2010 og dei spirte etter ca 3 veker. På seinsommaren same år planta eg dei ut i pallekarmen. Heile 6 plantar i ein karm, noko som nok er i meste laget. Til trass for det får eg ei grei avling, sjølv om nokre av dei er mykje tynnare enn dei du kjøpar i butikken. Til gjengjeld er smaken mykje betre :-)


Etter at eg hadde planta dei ut kom eg på at eg kanskje skulle google litt for å finne ut korleis det faktisk skulle gjerast. Heldigvis gjorde eg det etter at eg hadde sett dei ut, for etter "boka" såg det veldig så omstendeleg ut, det var så ein reint kunne misse motet.
No har eg då gjort på min eigen amatørmessige måte, men asparges blir det likevel :-)


Dei første spirane dukker opp allereie i april, og tidleg i mai er det klart for hausting. Så går det slag i slag heil fram til jonsok. Er tilhøva optimale med varme og fuktigheit så veks dei utruleg fort, opp til fleire cm på ein dag. 
Etter jonsok er det stopp, då skal dei vekse i fred for å samle næring til neste års sesong. Etterkvart blir dei omlag 1,5 meter høge og liknar på dill. Eg bitt dei opp så dei ikkje legg seg utover.


Dette bildet er tatt tidleg i juli og om ikkje lenge vil aspargesen få eit grønt og frodig bladverk. 


Vil du sjå meir frå hagen min (og hagepusen Frøya) finn du det på facebook 

og