torsdag 7. april 2016

Såing og prikling - korleis eg gjer det

Våren er på veg og på denne tida er det mange som sår, priklar og dyrkar diverse vekstar på ulikt vis. Mange har nok i likheit med meg starta for lenge sida, men det er enno ikkje for seint å så ulike sommarblomstrar. Det finst sikker fleire vegar til Rom, men her vil eg vise korleis eg gjer det.

Det er såtid i heimen og alt utstyret er på plass. Såjord, potter, frø og merkepinnar. Det siste er veldig viktig for elles går det i surr. Innbill deg aldri at du huskar kva som er kva om du sår meir enn tre sortar.




Pottene er fylt med godt fukta jord. Eg strør eller legg frøa opp på jorda, sprayer på litt vatn for ekstra fukt og legg så meir jord på toppen. Kor mykje jord kjem an på kor store frøa er. Det dobbelte av storleiken på frøa er ein god regel. Les på pakken! Ikkje alle skal dekkast med jord. Pass på at overflata alltid er svakt fuktig så frøa ikkje tørkar ut!




Då er grunnarbeidet gjort og ventetida startar. Eg spirar frøa under lysrøra på kjøkkenbenken. Godt med varme er eit "must". Stuetemperatur passer bra og varmekablane på badet er også eit alternativ om det går altfor treigt. Er det staudar som treng stratifisering (kuldebehandling) sett eg dei ut. Enno ein gong, les på pakken!
Eg brukar  små minidrivhus, eller ein kan også dekke dei med plast. Pass på at dei får litt luft så frøa ikkje rotnar. Jorda skal og MÅ vere fuktig, men ikkje kliss blaut.




No startar snart det som er aller mest artig. Dei aller første små spirane dukkar opp i såpottene. Ein gledens dag. Etter å har stirra på svart jord i fleire dagar, og gjerne fleire gongar for dag, er det som eit under at dei tørre små frøa vaknar til liv og vert til grøne spirar.

Det først eg då gjer er å fjerne potta frå minidrivhuset. For dei må spirane vert det for varmt og fuktig under lokket, og det ber strake vegen ned på planterommet der det er kjøligare.

For lite lys og for høg temperatur = lange, tynne og svake spirar. Viktig!
Tips: Ulike sortar spirar ulikt så ikkje bruk brett der pottene heng saman. Det blir litt ugreit når nokre spirar og andre ser ut til å ta seg god tid. Då kan du fjerne ei og ei potte etterkvart som det spirar.



På planterommet har eg fleire lysarmatur som heng i kjettingar som er festa i taket. Passe avstand frå lysrør til plantar er ca 30 cm. Etterkvart som dei veks er det enkelt å heve lyset så plantane ikkje vert svidd. Det er berre å balansere på ei gardintrapp og flytte kjettingen nokre hakk oppover.

Neste steg er prikling. Skal dei vekse seg store og sterke må dei få seg eiga potte med god jord. Eg priklar dei små spirane over i "plantejord med naturgjødsel," som det står på sekken. Etter alt arbeid og omsorg eg har lagt ned spandere eg skikkelig jord på småspirane.
Moralen er: Ikkje kjøp den billegaste jorda.






















Når eg priklar gjer eg det så enkelt at eg klemmer på potta for å løsne jordklumpen, tømer den ut og dreg spirane forsiktig frå kvarandre for ikkje å skade røtene. Før det har eg gjort klar nye potter med jord, lager eit passe hol og plasserer spiren ned i holet. Dytt dei forsiktig på plass med ein pinne ol. og sørg for at røtene er i god kontakt med jorda.



Når eg priklar held eg småspirane i frøblada for ikkje å skade stilken. Skadar du den er alt håp ute for den lille spiren. Frøblad er dei to første bladpara som kjem og ser annaleis ut enn dei blada som kjem seinare.


Når eg priklar dei om sett eg dei alltid djupare i den nye potta. Gjerne jord heilt opp til under frøblada. Sett pottene på eit brett og slå på vatn så jorda trekk det opp i krukka. Virkar jorda litt tørr sprayer eg på vatn for å fukte den.




Heretter vatnar eg KUN på brettet for å unngå rothalsrote og hærmygg. Hærmygg er noko dritt, då larvane et opp dei spinkle røtene. Dessverre er det sånn at larvane er i jord du kjøper, og det er ikkje mulig å oppdage dei før etter eit par veker eller så når små svarte fluger svirrer rundt i rommet. Når du vatnar nedanfrå vil røtene blir sterkare fordi dei må søke nedover etter vatn.
Ein vinn vinn situasjon med andre ord :-)
Får du først hærmygg er det nesten umulig å bli kvitt, men fortvil ikkje, held du angrepet i sjakk vil det gå bra likevel. Eg prøver å klaske dei ihjel noko som ikkje er så enkelt, men er god trim :-) Flugepapir funkar også!

Har fått mange spørsmål om kor ofte eg vatnar og svaret på det er når det trengs :-) Det finst ikkje noko fasitsvar fordi det kjem an på temperatur, størrelse på potter og kor godt utvikla rotsystemet er. Mitt beste tips er, løft opp potta og kjenn under, er den såvidt fuktig vatnar du ikkje sjølv om jorda er knusktørr på overflata. Undervatningsmatter er også kjekt å ha. Dei held på fuktigheita og eg kjenner på matta om det er på tide å vatne.


Slik ser mine matter ut og dei held som regel i eit par sesongar eller meir. For å vere på den sikre sida vasker eg dei godt før eg tek dei i bruk igjen så eg ikkje dreg med meg eventuell smitte. Gamle handdukar gjer også nytta.



Når plantane har fått fart på seg brukar eg å toppe dei. Det kan du lese om i denne bloggposten. Topping gjeld sommarblomstrar og ikkje om du sår staudar. Fleire tips finn du om du klikker på etiketten "tips" på høgre side.
Håper dette var til nytte, er det noko du lurer på så berre spør og eg skal svare etter beste evne.

Her finn du meg og hagepusen Frøya på facebook Kristins Hage&Drivhus og her på Instagram


17 kommentarer:

  1. Hei
    Du er virkelig i gang, og så herlige bilder. Du må virkelig ha jobbet bra.
    Kos deg og nyt alt som gror.
    Klem Vivi

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Koser meg både på planterommet og i drivhuset :-) Kos deg du også.

      Slett
  2. Deilig med frøsådd, jeg kjenner godt igjen turene til pottene for å se om det har begynt å spire. God fredagskveld til deg fra Anne-Kristin

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Så flott og forklarende blogginnlegg Kristin! Har linket til den fra "bokmerkebloggen" min :) God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du linker Rie, god helg til deg også. Har delt den flotte oppskrifta di om tacokrydder :-)

      Slett
  5. Fint blogginnlegg. Jeg lurer på om du topper plantene flere ganger eller bare en? Hvor mange bladpar bør det i såfall være fra forrige topping før du topper neste gang?
    Mvh Hege

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg toppar som regel berre ein gong. Eg sår såpass mange plantar av samme sort at eg sett fleire i samme potte, då er et ikkje så viktig å toppe for å få dei til å forgreine seg.

      Slett
  6. Hei Kristin! Takk for en fin blogg:) Du er virkelig i gang med forberedelsene:) Jeg ble ganske misunnelig på planterommet ditt, tenk å ha et helt rom til å så og prikle på. Du er utrolig heldig! Lykke til med alle plantene du har sådd, det kommer til å bli helt fantastisk senere i sommer:)
    Hilsen Gunnhild - Tante Grønns Hage

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig kommentar Gunnhild :-) Er veldig fornøgd med planterommet.

      Slett
  7. Heisann.... jeg henger laaaangt etter skjønner jeg. Jeg får ta opp siden din når min arbeidsøkt er rydda plass for.... godt du deler kunnskapen ;:OD)

    SvarSlett
  8. Hei 😄 Når prikler du de? Utifra bloggen så ble det nesten med en gang de forlot stuetemperaturen...? Jeg har sådd litt forskjellig sommerblomster, og der det er store frø, har jeg bare to stk i hvert beger. Kan de fortsatt få være sammen, om jeg gir de ny jord, og større plass?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ingen fasit på når eg prikler, tar det når det passer, men eg brukar ofte å prikle ganske tidleg. No veit eg ikkje kva du har sådd, men er det store frø så blir det vel store planter også :-) Eg hadde gitt dei kvar si potte etter at eg prikler dei om.

      Slett
  9. Hei :) Så flott blogg :) Eg lurer på kor du kjøper dei fine merkepinnane?

    SvarSlett
    Svar
    1. Har laga dei sjølv av noko eg fann som skulle kastast på jobben.

      Slett