torsdag 22. september 2016

Kvitløk og luftløk til salgs 2017

Dyrking av kvitløk er slett ikkje vanskeleg og berre det å vite at den er kortreist og kjem frå eigen hage gjer at den smakar betre. Eg har hausta inn småløk av tre ulike sortar kvitløk, Estisk Rød, kvitløk frå Romania og ein Russisk sort. Her på bloggen Datsja kan du lese den fantastiske historia om kvitløken. Alle sortane er hardneck. Frø av kvitløk brukar eg å sette om våren.
Her kan du lese meir om ulike kvitløksortar.

Eg har også nokre småløk av luftløk. Luftløk er fleirårig og både sjølve løken, småløkane og graset er etande. Graset kan brukast på same måten som ein brukar vårløk.



Frå eg for nokre år sidan var så heldig å få tak i 6 fedd er eg no sjølvforsynt med kvitløk heile året. Har ein først fått tak i god setteløk er det vel verd å ta godt vare på den, sjølv om det betyr at ein ikkje kan ete av den det første året. Kvar løk har ca 6 fedd, så året etter kunne eg hauste heile 36 kvitløk.

Kvitløk frå Romania




Kvitløken frå Romania dannar små løk av ulik størrelse. Til neste år vil den enten bli til ein større løk utan fedd, eller er du heldig kan du få ein liten kvitløk som du kan dele opp i fedd. Tek du vare på første avling kan du hauste inn til eige bruk året etter.

Pris kr 20,- for 10 småløk (av ulik størrelse). Porto kjem i tillegg*


Frå venstre russisk, Estisk Rød og rumensk kvitløk.

Estisk Rød og den russiske har løk meir på størrelse som frø. Eg er usikker på kor store desse vil vekse seg i løpet av ein sesong, men vil tru at første året danner dei bladverk og så kan ein hauste året etter.






















Frø av Estisk Rød og russisk kvitløk.

TOMT FOR FRØ AV RUSSISK KVITLØK.

Pris kr 20,- for 20 småløk/frø (av ulik størrelse) Porto kjem i tillegg*

Luftløk





Sånn ser luftløken ut på hausten. Her ser ein godt kvifor den har fått namnet luftløk. Stenglane vil etterkvart bøye seg ned så løkane kjem i kontakt med jorda.



Sånn ser sjølve løken ut etter at dei har stått i fleire år. Dei er på størrelse med sjarlottløk. Før om åra har eg berre hausta av bladverket, men no måtte dei delast. Nokre av dei skal tilbake i pallekarmen igjen, men dei fleste havner i gryta.



Luftløkane er litt større enn småløkane av den rumenske kvitløken og er også av ulik størrelse. Her i artikkelen "Luftløk - populær og hardfør" kan du lese meir om denne flotte grønsaken.

Pris kr 15,- for 5 småløk. Porto kjem i tillegg*

Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM.

*Porto kjem an på kor stor pakken blir. 
Kvitløk kr 15,- 
Luftløk kr 45,-


Du finn meg også på Instagram



tirsdag 13. september 2016

Frø til sals hausten 2017

Her er bilder av ein del av det eg har for sal. Fleire bilder kjem etter kvart. Frøa er hausta frå eigen hage og tørka og rensa etter beste evne :-) Alle er oppgitt med botaniske namn, så er du i tvil om korleis du skal så dei så finn du mange gode råd og tips på nettet. Nokre tips har eg lagt ut lenke til. 

Korleis du legg inn bestilling finn du nederst i innlegget.
Det er ikkje alle sortane eg har så mange frø av, så først til mølla.....

For komplett frøliste over alt eg har klikk her.


Pris kr 15,- pr pose. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.


Diantus barbatus nigrescens 'Sooty' - busknellik
Lekker nellik som blomstrar i juli - august. Omlag 40 cm høg. "-årig, men oppfører seg som ei staude då den her hos meg blomstrar kvar år.







Primula polyanthus mix
Ingen vår utan Primula. Blomstrar frå februar/mars til langt ut i juni. Kan også kome med eit lite blomsterflor seint på hausten. Her hos meg også i desember. Frømiks av desse som er avbilda samt lilla og mørk gul.




















Hebe topiaria
Nydeleg liten vintergrøn busk som blir omlag 20 - 30 cm høg. Blomstrar i juni - juli. Usikker på kor herdig den her. Denne har eg hatt sidan 2009 H3





Trollius ircuticus - Sibirballblom
Litt annaleis ballblom med opne blomstrar. Lekker gul/orange farge. Blomstrar i juni - juli. Omlag 70 cm høg. H 6-7




















Kolkwitzia amabilis - fagerbusk. FRØ IKKJE MODNE ENNO.
Lettstelt og nøysom. Blomstrar overveldande i juni med rosa blomstrar. H4-5 Høgde 2-3 meter. Trives også i halvskygge. Overhengande og elegant vekst. Har du ikkje sådd busker eller tre før bør du prøve fagerbusk. Enkel å få til. Eg sådde dei inne om våren. Spiring etter 14 dager. Legg frøa i vatn i eitt døgn. Her finn du meir info.




Iris pseudacorus -  sverdlilje. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm



Iris sibirica. 
Blomstrar i juni - juli. 120 cm høg.



Digitalis purpurea lilla.

Revebjeller er to-årige, men frørsår seg så du vil ha den i årevis. Lett å luke bort der du ikkje vil ha dei. Eit must i den romantiske bestemorshagen!



Digitalis purpurea kvit


Astrantia major rosa - stjerneskjerm. 
Blomstrar frå juni - september. Omlag 60 cm høg. Lys rosa/lilla med det same den blomstrar. Lekker staude som har blitt ein av mine favorittar. H7-8



Viscaria vulgaris 'Splendens Feuer' - tjæreblom
Eit blikkfang i bedet. Skarp rosa farge. Blomstrar i mai - juli. Omlag 40 cm høg.




Aquilegia mix 
Akeleier i alle mulige fargar, enkle og fylte. Akeleier er notorisk utro så det er umulig å vite om dei blir lik morplanta. 
For å sjå kor mange flotte akeleier eg har frø av, må du klikke deg inn på innlegga Her og her og herså finn du mange forskjellige  Det kan også vere at det dukkar opp heilt andre kombinasjoner. Akeleier er aldri kjedelige å så! 

Blar du lengre ned på facebooksida mi finn du bilder der også!


Thalictrum aquilegifolium '- akeleiefrøstjerne.
Vakker staude som svever over dei fleste andre plantane i bedet. 150 cm høg. 



Thalictrum aquilegifolium 'Alba'- akeleiefrøstjerne.
Den er minst like vakker i kvitt :-)



























Podophyllum hexandrum himalayafotblad. 
Vil du ha noko litt uvanleg er dette ei artig staude som ein ikkje ofte finn i handelen. Her er den i knopp. Seinare vil den opne seg, og på hausten får den store raude frukt fulle av frø. Trives i skygge. Her får du meir informasjon og såtips. Må stratifiseres (kuldebehandling) Blomstrar i mai - juni. Enkel å så.




Stachys grandiflora - prydsvinerot. 
God gamal staude, men ikkje mindre flott av den grunn. Vi etterkvart danne ei stor tue. Blomstrar i juni - august, ca 50 cm høg.




Clematis alpina 'Ruby' - alpeklematis. 
Vakker blomsterrik alpeklematis. Blomstrar om våren. Gruppe 1 klematis som ikkje treng beskjering.  Eg fleire av desse som klatrar på ei armeringsmatte for å skjerme for innsyn. Etter avblomstring pyntar frøstendene opp. Dei ser ut som grå dusker. H7.
Her finn du såtips.



Clematis alpina - blå alpeklematis. 



Clematis macropetala 'Large Hybrids'
Flott klematis som eg har sådd sjølv. Slett ikkje vanskeleg å få til å spire. Eg sådde den inne, spirte etter 3 veker. Kan nok også stratifiserast. Blomstrar på våren. Eg er usikker på om den er frøekte, men av dei eg sådde vart dei fleste kvit og ein vart blå.



Hemerocallis lilioasphodelus - gul daglilje.
God gamal og nøysom staude. Juni - juli. Omlag 80 cm høg. Her finn du tips til korleis så dagliljer.



Verbena bonariensis - kjempeverbena.
Nydeleg staude som vaier elegant over dei andre staudane i bedet. Trives også god i potter. Blomstrar til frosten kjem. Ca 150 cm høg. Må overvintre frostfritt! Ein av mine favorittar. For fleire bilder sjå her





Rhodochiton atrosanguineus - blodbeger
Er det ei plante eg berre MÅ ha så er det blodbeger. Bør sås tidleg på året skal den rekke å blomstre i løpet av sommaren. Blomstra til frosten kjem. Må overvintre frostfritt. Her ser du korleis eg sår blodbeger



Echinops ritro - kuletiste IKKJE MODNE ENNO
Juli - september. Omlag 100 cm høg. Flott staude og ein humle- og sommerfuglmagnet. Dei blå kulene er veldig dekorative i staudebedet.


Echinops ritro - kvit kuletiste.
Kvit variant av kuletistel. Ikkje så lett å oppdrive i handelen då eg har vore på leiting etter denne lenge utan å lukkast.



Leontopodium alpinum - edelweiss IKKJE MODNE ENNO
Juni - august. Omlag 10 - 20 cm høg. Alpeplante som er herdig i heile Norge. Her finn du meir info. Flott i samplanting med bla Heuchera (alunrot) Held seg fin heil sesongen.



Meconopsis betonicifolia 'Hensol Violet' - Valmuesøster
Den vakraste av søstrene og min absolutte favoritt. Nydeleg lilla farge, blomstrar i juni - juli. Omlag 90 cm høg.



Geum coccineum 'Borisii' - Prakthumleblom
Blomstrar i mai - juni. Omlag 30 - 50 cm høg. Danner etterkvart store tuer som med fordel kan delast. Ein fargeklatt i bedet.



Allium cernuum - prærieløk IKKJE MODNE ENNO
Flott blomsterrik allium. Kjem trufast igjen år etter år. Ein av mine favorittar. Blomstrar frå juni - september. Omlag 30 - 40 cm høg. H 4-5. Danner etterkvart store tuer. Såtips finn du her her




Levisticum officinale - løpstikke - kjærlighetsurt.
Fleirårig urt som kan bli 1 - 2 meter høg. Kraftig smak, kan brukast i staden for buljong. Eit must i kjøkkenhagen. For meir info sjå her




Lychnis coronaria - fløyelstjæreblomst.
Flott to-årig staude som frøsår seg sjølv i hagen. Enkel å luke bort. Første året dannar den ein rosett og blomstrar året etter. Flott sølvgrått bladverk som er lekkert i samplanting med andre staudar. Mest vanleg i rosa, men den kvite varianten er minst likke flott. Blomstrar juni - september. Omlag 70 - 80 cm høg.


Hosta mix
Hosta er ikkje frøekte. Dei fleste plantane vil bli grøne, men ein og annan skatt vil dukke opp. Kanskje ein heilt ny variant som du kan kalle opp att etter deg sjølv :-)
H7-8


Delphinium x cultorum 'Centurion Rose' - ridderspore
Lekker ridderspore som blir omlag 150 cm høg. Blomstrar i juli - august. H7. Eg er usikker på kor frøekte dei ulike riddersporane er, men eg trur ikkje dei vil bli så ulik morplanta.



Delphinium mix- ridderspore TOMT
Miks i ulike blåfargar.



Delphinium elatum 'Misty Mauve'


Er du interessert så gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send meg ein PM. Om du ikkje er det frå før så blir eg glad om du legg deg deg til som "liker", :-)

Her viser eg korleis eg sår staudar. Det meste av frøa eg sel kan såast på denne måten.

Her er finn du heile frølista. Eg har også tomat, chili, kvitløk og litt grønsaker.

Du finn meg også på Instagram


Her finn du flotte hagegrupper som er verd å ta ein tur innom:
Hageglade på facebook
Hagegal
og
Vi som elsker hage og blomster

om du vil kjøpe eller selge frø
Frø kjøpes, selges, gis bort og vises frem
og
Frø og hageplanter byttes og selges