søndag 29. oktober 2017

Tomat- og chilifrø til sals

Chili dyrkar eg i drivhuset, men det går godt an ut i ein lun solvegg eller inne på stua. Eg brukar 10 liters potter, men det går fint an å dyrke i mindre potter også. Då vil planta blir mindre og det same gjeld som regel frukta.
Chili er dekorative plantar og i passande store potter er det ikkje noko i vegen for å ha dei i vinduskarmen. Chili treng langt tid på å utvikle frukt og eg sår dei tidleg i januar og aler dei opp på eit planterom med tilleggslys.

Pris kr 15, pr pose med 6 frø. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.


For bestilling gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send PM


CHILI


Capsicum chinense 'Carolina Reaper'
For den vågale? Står oppført i Guiness rekordbok som verdens sterkaste chili noko eg tvilar på kan stemme, men utan tvil den sterkaste eg har. Litt over over middels stor frukt. Bar godt med frukt. Oppgitt til 2 200 000 SHU. Bruk hanskar!



Capsicum chinense 'Chocolate Habanero'
Store frukt, middels stor avling. Eg fekk 47 stk på ei plante i 10 liters potte. Styrke oppgitt til 425 000 SHU



Capsicum chinense 'Habalokia Yellow' 
Store frukt og stor avling Eg fekk 100 på ei plante i 10 liters potte. Styrke ukjent, men sterk!! Tipper ca 400 000 - 500 000 SHU



Capsicum chinense 'Red Habanero' 
Store frukt og stor avling. Ei plante i 10 liters potte gav 83 chili. Styrke ikkje oppgitt, men denne er ikkje sterk. Til å vere ein habanero var den heller skuffande svak etter mi meining.



Capsicum annuum 'Pimientos de Padron'
Denne skal haustast inn grøn, men blir etterkvart raud og då litt sterkare. Mild i smak, berre litt sterkare enn paprika når den er grøn. Store frukt og middels avling.



Capsicum baccatum 'Lemon Drop'
Ny av året og seilte opp som ein av mine favorittar. Middels store frukt og relativt stor avling. Både duft og smak har preg av sitrus. SHU 30 000 - 50 000



Capsicum annuum 'Black&Red'
Dette var ein "raritet" som dukka opp i drivhuset frå frø eg haust av eigne plantar og som eg har sett eige namn på. Usikker på kva det er krysning av, men det kan vere Filius Blue og Orange Wonder, begge annuum som viste seg ikkje å vere frøekte.
Dekorativ plante med frukt som utviklar seg frå grønt til svart og til slutt raudt. Blir sterkare etterkvart så her har du ein chili med to ulike styrkar og du kan hauste etter smak og behag. Middels sterk, små frukt og stor avling.


TOMAT



Millefleur
Bildet yter ikkje denne tomaten rettferdigheit, men var det einaste eg fann. Produserer store mengder små gulorange cherrytomatar. Deilig og søt på smak og flotte i salaten. Må knipast, men ein kan med fordel la den få to hovedstammer. Ein favoritt.






Grushovka
Busktomat med kjempestore tomatar og stor avling. Stammer frå Russland og egnar seg godt på friland. Til og med her på våte Sunnmøre fekk eg modne tomatar i sommar. Etter mi meining kanskje ikkje den som smakar aller best, men egnar seg godt til supper og sausar. Skal garantert så denne neste år også.



Hundreds & Thousands
Cherrytomat med overhengande vekst og passar godt i ein stor ampel. Små søte tomatar som passar godt som snacks og i salaten. 




Moneymaker
Middels stor ranketomat som eg kallar "pappas favoritt" Får mange tomatar med søt og god smak. Må knipast. Har dyrka denne i mange år og kjem til å fortsette med det.



Black Prince (bildet lånt frå nettet)
Ranketomat frå Sibir. Middels stor tomat med ein flott mørk farge som gjer seg godt i salaten. God fyldig smak.

Har også ein del anna for sal

Staudar, klematis, urter og grønsaker mm

og

Luftløk og frø/bulbiller av kvitløk godt egna for norske forhold


Besøk meg gjerne på facebook. Her legg du også inn bestilling
og på 




fredag 24. mars 2017

Litt om hærmygg

Like visst som eg leitar fram såpotter og jord for å starte sesongen dukkar (Sciaridae ssp) hærmyggen opp. Hærmygg eller sørgemygg som den også kallast, er ein ivrig krabat og til stor irritasjon der den svirrar rundt såpottene. Sjølve myggen gjer inga skade, men dei små kvite larvane som blir klekt i jorda livnærar seg på røtene til spirane, og i verste fall tek dei knekken på heile sådden.

(bildet lånt frå nettet)

Larvane til hærmyggen kjem med jorda, og er så små at ein ikkje legg merke til dei før den første myggen dukkar opp. Uansett kor eg prøvar så blir eg ikkje heilt kvitt dei, men eg klarar å halde dei på eit nivå både eg og småspirane fint kan leve med.




Metodar som eg har prøvd og som garantert ikkje hjelp

Rødvin og Zalo - mot hærmygg vil eg kalle denne metoden for alkoholmisbruk. Virker på bananfluger, men garantert ikkje på hærmygg. Det hjelp mykje betre å drikke den, dog utan Zalo.



Stikke fyrstikker i jorda - muleg at svovel kan vere effektivt, men då må det vere svovel i fyrstikker. Det er det ikkje, det er mange år sidan det vart produsert fyrstikker i Norge som inneheld svovel.

Metode som eg har prøvd og aldri prøvar igjen - men som kanskje hjelp

Vatne med ei blanding av vatn og litt salmiakk. Denne "vidunderkuren" tok livet av samtlige tomatplantar, fekk halvparten av blada på chiliane til å ramle av og resten av sådden gjekk i sjokk og nekta å vekse på 14 dagar. Myggen overlevde!
Kan vere eg gjorde noko feil, brukte 1ts på ein liter. På godt etablerte plantar er det sikker verd eit forsøk.

Metodar som eg ikkje har prøvd - men som visstnok skal fungere.

Strø eller vatne med maurmiddel. Dette stoffet har eg lita lyst til å strø på plantar som eg skal bruke til mat. Derfor uprøvd. Kan vere eg vil ty til det i "kampens hete" men då kun på blomster og ikkje på matplantar.

NemaFelt - nematoder som ein blandar ut i vatn. Dette er ferskvare og må brukast innan ei viss tid. Er å få kjøpt på Arctic Chili

Korleis eg gjer det.

Første bod for å halde hærmyggen i sjakk er passe på at jorda ikkje blir for våt. Eg vatnar frå undersida og let dei tørke godt ut mellom kvar vatning. Dette er også godt for røtene då dei vil søke nedover etter vatn og dermed blir sterkare.

Heng opp flugepapir som eg kjøpar på Jernia. Ikkje spesielt lekkert, men det er er med på å halde antallet nede.

Slå dei ihjel. Lite effektivt, men god trim!

Det vart kanskje ikkje så mange gode råd på korleis ein blir kvitt hærmygg, men ein del veldig gode råd på kva som ikkje hjelp :-) LYKKE TIL!


For fleire "gode" råd og tips, følg meg gjerne på Facebook og Instagram